Spørsmål Og Svar Skriv ut
  • Kva er eit webhotell ?
    Eit webhotell er ei teneste som gjer det mogleg for deg å ha eigne heimesider, eige domene og e-post utan å måtte ha din eigen webserver. Ein webserver er ei Internett-oppkobla datamaskin som kjøyrer spesiell programvare for å kunne betjene eit eller fleire adskilte nettstader (heimesider / websider). Alle websider du finn på Internett hentes frå ein eller fleire slike webservere.
    Eit webhotell består vanlegvis av ein serverpark der du leiger eit "rom" eller ein webhotell-konto med tilhøyrande tenester, som betjener dine websider, domener og e-post.
    Det er eit hav av webhotelltilbydere på nettet med forskjellige prisar og abonnement. Det kan være vanskeleg å gå gjennom alle tilbyderene, spesielt dersom du er ny på nettet.

  • Hardanger IT & Web nyttar dedikert server plassert i toppsikkert datasenter med full redundans og overvåking 24/7/365.
    Vår leverandør tilbyr svært god funksjonalitet, pris og support!
    Dette vil kunden merke i form av:
    -> Fornuftig/riktig pris på webhotell
    -> Minimal nedetid
    -> Skalerbare løysingar

  • Kva er CMS / Publiseringssverktøy ?
    CMS står for Content Management System og er eit publiseringsverktøy for Internett. Systemet er utforma for å gje kunden ein effektiv og tilpassa publiseringsløyning som er oversiktleg og lett å administrere.
    Systemet er eit komplett verktøy for håndtering av nettstaden, spesielt beregna på kunder utan kunnskap innen webutvikling/webdesign.
    Sidan systemet er nettlesarbasert, innebærer det at alt webutviklingsarbeid kan utførast via ein standard nettlesar. Dermed kan kunden oppdatere heimesida frå kva som helst datamaskin tilkobla internett.

    jlogo.gifHardanger IT & Web nyttar Joomla som sitt publiseringverktøy. Joomla er eit kraftigt system, lett å handtere og til å stole på. Verktøyet kan nyttast til å administera alle sidene ved nettstaden dykkar, alt frå å leggja til innhald, bilete og illustrasjonar til å oppdatera ein produktkatalog eller å ta imot bestilling via nettet.